Kontaktinfo

Web-ansvarleg: Ola Kringlen, Kringla, 6817 Naustdal

 

Telefon: 46506022

 

E-post: okrin@online.no

 

 

Øvrig info:

 

Vonaportalen er ei side som vert laga på hobbybasis. Her legg vi inn ulik info frå Vonaområdet og rettar infoen spesielt til turgåarar og hytte-eigarar som brukar området. Informasjonen er størst i vintersesongen, då folk etterspør opplysningar om snø og isforhold, skiføre og evt løypeinformasjon.

Oppdateringane kjem med ujamne mellomrom, og er til dels avhengig av at vi sjølve er inne i området og er på hytta vår Rupebu inne ved Vonagarden. Men vi ser gjerne at andre som har nyttig info, tek kontakt så vi kan legge det ut. Kom gjerne med bilder også.

For å gjere oppdatering enklare og raskare, har vi oppretta Vonaportalen på Facebook. Her kan vi legge ut kjapp info "der og då", og også de som er på tur i området, kan legge ut info og bilder sjølve frå mobilen.

Link til Facebook- gruppa finn de øverst på sidene her.

Vonaportalen er no også tilpassa lesing på smart- telefon. Søk opp Vonaportalen på internett- browseren på telefonen

 

Vi samarbeider også med Øvre Naustdal Utmarkslag som organiserer grunneigarane i området. Link til utmarkslaget finn ein på framsida på Vonaportalen. Her kan ein finne mykje interessant info som også er til nytte for hyttefolk og turgåarar.

» Curabitur