Fiske
2014-2019
2012
Vi arbeider med saka om tilrettelegging av fiskeplass for funksjonshemma ved Svo-brua. Jfr. vedlegg her med tilråding frå NVE. Vi lagar nye teikningar av prosjektet no og ventar på ei endeleg tilråding frå kommunen. Bygging vil starte først når det er skaffa midlar til prosjektet samt etter at ny vannstand i vatnet er etablert etter heving av utløpsosen i Nesvatnet.
Det blir for sesongen 2011 lagt opp til sjølvbetjening av fiskekort for ØNU sitt område. Det blir hengt opp kasser med fiskekort på Fimlandsbua, i Nesstranda ved vegen mot Teigavatnet, på Nestunet og ved Vonavatnet. I tillegg blir det lagt ut kort på Longevasshytta. I sesongen blir det også sjølvbetjening på utleige av båt både i Svo-/Nesvatnet og i Vonavatnet. Garn kan hentast hos Olav R. Fimland på Nes. Alle avgifter skal betalast direkte til bank, men det skal leggast kvitteringslapper att i boksane. Laget vil halde eit visst oppsyn med fisket i sommar.
2010
Storrusa vart tatt opp av Vonavatnet laurdag 16. oktober. I stille ver arbeidde 6 personar med 3 båtar raskt og effektivt. Etterpå vart det kaffi og kaker. Sjå bilder her.
Fangsten i sommar har vore så som så samanlikna med dei beste åra for rusa. Dei største fangstane i år var knapt 10% av dei største fangstane dei første åra av rusearbeidet. Styret vil seinare i haust gjere ei evaluering av rusearbeidet
I helga 25-26. sept 2010 var det også dugnad med garnsetting på gyteplasser i Svo- og Nesvatnet. Lenker med småmauska garn blei sett ut laurdagskvelden ved begge elve-innløpa og frå Sundet mot utosen. Bøttevis med fisk blei trekt i godveret søndags morgon- ein del av dette svært fin fisk!! Dei fleste av røyra hadde ikkje gytt. Der er framleis mykje aure i fangsten frå gyteplassane, og det kan virke som røyrbestanden i vatna er i retur. Kun eit nytt prøvefiske vil kunne gi sikkert svar på dette. Sjå bilder frå aktiviteten her.
og her eit bilde frå ei flott aure over kiloen som blei tatt i Svo-vatnet tidlegare sommar.
Marius Nes – Nesgrend
Fimlandsbua – Fimlandsgrend
Longevasshytta
Stang: Døgnkort kr.50,- Vekekort kr.100,- Årskort.kr.200,-
Oter og garnløyve: Døgnkort kr.50,- Vekekort kr.150,- Årskort kr.250,- Leige av garn kr.15,- pr. garn. Båtleige i Nesvatn/Svovatn kr. 10,-pr. time. Ta kontakt med Marius Nes.
Ansvarleg red: Normund Svoen (leiar) Webmaster: Ola Kringlen@Vonaportalen