Prisar parkering, fiske og båt

SISTE NYTT  


26.02.24

Årsmøte-papir 2024 er lagt utunder Årsmøte her



16.08.23

Info om hjortejakta 2023 er lagt ut under Hjort her


23.02.23

Årsmøte-papir 2023 er lagt utunder Årsmøte her



07.03.22

Årsmøte-papir 2022 er lagt ut under Årsmøte her



01.03.21

Årsmøte-papir 2021 er lagt ut under Årsmøte her


18.11.20

Referat frå styremøte 18.11.20 er lagt ut  her


04.07.20

Nye infosaker:


  1. Hogging av gran i Lv området - mulegheit for grunneigar til å ta ut med kompensaasjon frå LV området forvaltninga-   Sjå vedlegg

  2. Sunnfjord kommune eig Vonavegen sommar som vinter - sjå vedlegg.

    Det er Sunnfjord kommune som må kontaktast for å søke løyve til motorisert ferdsel på vegen vinterstid. 

    Etter skriftleg avklaring med Sunnfjord kommune - avdeling for Idrett og Friluftsliv  - er desse gruppene unntatt frå søknadsplikt til å bruke Vonavegen til motorisert ferdsel vinterstid: 

    - grunneigarar som har næringsdrift i området og der vegen må brukast vinterstid

    - grunneigarar med stølsrettar i nærområdet der ein i næringssamanheng må bruke vegen for å komme seg til stølshusa sine - dette inkluderer også kryssing av Vonavatnet der dette er nødvendig

    - løyver gitt av Landskapsvernområdet for motorisert vinterferdsel bl.a. Utmarkslaget sine deligerte løyver, spesialløyver i forbindelse med søknad frå beitelag, kjentmannskøyring for Røde Kors hjelpekorps og evt. andre løyver gitt av LV forvaltninga, rett til å utføre transportoppdrag i området gitt av kommunen.  

    - løyver til løypekøyring gitt av grunneigarar og godkjent av tidlegare Naustdal kommune og/eller Landskapsvernområdet -  gjeld løypekøyring rundt Vonavatnet/mot Stølsvatnet og mot Fosselvekræene



04.03.20

Referat frå Årsmøte 2020 er lagt ut under Årsmøte her


01.10.19


Då er utfiskingshelg i Vonavatnet med innleigde Ingebrigt Tveite og Ingrid Våle gjennomført. No er det gytetid for røya, og det står mykje fisk på gyteplassane. Dei sette ca 73 garn to netter laurdag og søndag. På første trekking feekk dei 1240 røye og 981 aure, og på siste trekking fekk dei 641 røue og 1135 aure. Alt var fiska på småmaska garn frå 13 til 19 mm maskevidde. Til saman 3997 fisk på dei to døgna

Til saman i 2019 er det av hytteeigarar, grunneigarar, innleigde og andre då fiska opp fiska opp 5789 registrert fisk, og det er nest høgste tal sidan prosjektet starta.

Til saman i åra 2014-2019 blir summen ca 25000 fisk. 


Resultatet er at auren har vokse betydeleg, og er i mykje betre hold enn tidlegare. Det er raud og fin i kjøtet, og har godt skap.


For å sjå rapport for 2019, klikk på link i venstre margen.


















13.09.19


Bestandsplan for storvalda i Naustdal Kommune 2017-2019 erlagt ut her


20.08.19

Nye dokument vedr. hjorteforvaltning er lagt ut under Hjort her



21.05.19


Papirer for ekstraordinært årsmøte er lagt ut under Årsmøte her



19.03.19


Referat frå Årsmøte 2019 er lagt ut under Årsmøte her



04.03.19


Årsmøtepapirer er lagt ut under Årsmøte her



05.06.17


Kurs i garnfiske:


Til alle fiskeinteresserte ved Vonavatnet. Med referanse til tidlagare informasjon om vedlikehaldsfiske i Vonavatnet, så inviterer Øvre Naustdal Utmarkslag alle interesserte til kurs i garnfiske i helga 17-18. juni. Vi møtest på pakeringsplassen ved Vonavatnet laurdag 17. juni kl 16.00. På kurset ynskjer vi å vise enkle teknikkar som gjer garnsetting, trekking og plukking av fisk så enkelt og lite arbeidskrevande som mogeleg. Ta gjerne med eigne garn dei som har, men sørg for at dei er merka med namn og telefonnummer.

Vi anbefaler maskevidde 24, 26 og 29mm som matfiskgarn.

Vi kjem også til å bruke Utmarkslaget sine utfiskingsgarn med størrelse 13, 16 og 19mm.

Vi treng ein til to båtar i tillegg til vår eigen, fint om dei som kan stille med båt kan gi beskjed på tlf 46506022

Kurset vil vare 3-4 timar laurdag og søndag. På søndag startar vi med oppmøte kl 09.00 ved brygga på Leite.

Vi må ta forbehold om utsetting eller avlysning dersom det blir mykje vind. Ta kontakt med Ola Kringlen, tlf 46506022 eller på Messenger dersom de har spørsmål.


_______________________________________________________________________


09.05.17


Referat frå årsmøtet er lagt ut her


_______________________________________________________________


21.03.17


Årsmøtepapirer er lagt ut under Årsmøte her


_______________________________________________________________


18.10.16


Oppdatert HJORTEBØRS lagt ut. Klikk på linken til venstre


_______________________________________________________________________


25.09.16


Utfiskingsprosjektet i Vonavatnet med innleigd ressurs er då fullført. 

Ca 1100 fisk vart tatt ut denne helga, og mykje av dei var dvergrøyr som var klar til gyting. Ein har då fullført eit 3- års prosjekt som starta i 2014 på grunnlag av rapporten som fiskebiolog Harald Sægrov utarbeidde etter prøvefiske i 2013. Etter justerte estimat for bestanden av fisk i vatnet, er vi omtrent der vi bør verel med altal utfiska småfisk. I løpet av dei 3 åra, er det fiska ut over 18000 fisk, tilsvarande ca 1200 kg. Endeleg måltal bestandstal vil vi få når rapporten frå årets prøvefiske er klar.

Utmarkslaget vil no framover prøve å lage ei god plan for vedlikehaldsfiske i åra framover. Utan god innsats frå utmarkslaget, hytte-eigarar og andre sportsfiskarar, vil ein risikere at bestanden av smårøye vil auke att, og utfiskingsprosjektet vil ha kortvarig verdi.


Det ein ser no, er at det er svært fin matfisk å få. Analyser av skjelprøver frå i år, viser at auren har vokse betydeleg dei siste to åra, og har såleis fått god mattilgang. Mykje av auren et små røyr som han beiter på i strandsona, og har i tillegg til meir tilgang til anna mat som fins i vatnet. Aure over 150-200 gram, har blitt raud i kjøtet og viser god kondisjon og utsjånad.


Så her er det fritt fram for alle som vil skaffe seg fin matfisk. Ein kan bruke garn på opp til 26mm, og ein får kjøpt fiskekort i kasse ved Vonavatnet. Folk må også prøve fikestang og oter, og aure på 200-300-400 gram skal vere mogeleg å få. Er ein heldig, kan ein få enda større fisk. Men hugs på at dei store aurane over 200-300 gram er fiskeetarar, og dei er svært viktige som vedlikehaldsarbeidarar. Så dei største fiskane ein får på garn, ser vi gjerne vert slepte ut att dersom dei elles er uskada. Men får ein stor fisk på stang, skal ein ha den opplevelsen det er å ta desse på land utan å sleppe dei ut att.

Det er mogeleg å leige både garn og båt av utmarkslaget. Sjå oppslag ved Vonavatnet, eller sjå info på nettsida under Fiske

Vi ynskjer alle Godt Fiske til neste år og åra framover.

______________________________________________________________________


24.09.16


Siste helg i utfiskingsprosjektet i Vonavatnet. Ingebrigt Tveite har no to fiskedøgn, og resultat kan ein sjå i linken til venstre. Kjem med ei lita oppsummering i morgen kveld.

______________________________________________________________________


06.09.16


Hjortebørsen er no lagt ut for 2016. Klikk på linken til venstre


______________________________________________________________________


30.07.16


Naustdal fekk tildelt 2 ungbukker på reinsdyrkvoten i år.  Vi hadde 8 søkarar til desse.  Dei som har fått tildelt løyve eit av dei siste 2 år får ikkje vere med i trekninga.  Dei som blei trekt ut i år var Inge Svorstøl og Atle Fimland.  Lukke til med jakta :)

______________________________________________________________________


04.07.16


Nye oppslag ved utleigebåtane i Vonavatnet og Svovatnet er hengt opp- Les her

______________________________________________________________________



02.06.16


Då er utfiskingsprosjektet i Vonavatnet i gang att. Ingebrigt Tveite starta mandag og skal halde fram til laurdag. Resultat frå oppfiskinga kan ein sjå ved å klikke på linkane til venstre på sida her.

_______________________________________________________________________


16.05.16


Referat styremøte 09.05.16 kan du lese her


_______________________________________________________________________


12.03.16


Årsmøte i ØNU vart halde den 02.03. Dokument frå årsmøtet kan du finne under

linken "Årsmøte" i venstre margen

________________________________________________________________________


19.01.16


Scooterløyve for Naustdal Røde Kors


Årsmelding for Naustdal/Gjengedal nasjonalparkstyre


________________________________________________________________________


21.12.15


Ny Hjortebørs er lagt ut. Klikk på linken til venstre

________________________________________________________________________


30.11.15


________________________________________________________________




10.11.15


Ny Hjortebørs er lagt ut. Klikk på linken til venstre

________________________________________________________________________


21.10.15


Då er utfiskingsprosjektet i Vonavatnet avslutta for i år. Ingebrigt Tveite frå Voss har stått for største delen av utfiskinga, samtidig som vi har hatt ute rusa den siste måneden. Til saman er det fiska opp 11344 fisk i denne sesongen. Tek vi med pilotfisket vi hadde i 2014 på 3872 fisk, blir det til saman 15261 fisk. Vi ser allereie betring i størrelse og kvalitet på fisken vi får slik at det tyder på at ein allereie no har begynt å merke resultat. Vi kjem tilbake med ei oppsummering seinare når vi har samanfatta sesongen og diskutert med fagfolka. Prosjektet vil halde fram neste år, og startar opp så snart vatnet er isfritt til våren. Link til fangstrapport i venstre margen

________________________________________________________________________


16.10.15


Hjortebørsen er oppdatert

________________________________________________________________________


23.09.15


Hjortebørsen er oppdatert


________________________________________________________________________


17.09.15


Då er utfiskinga i gang igjen for fullt med Ingebrigt Tveite på plass. Første garndøgnet gav fangst på 859 røyr og 318 aure. Til saman 1177 fisk på ei natt. Gytinga er no komt i gang. Følg med på rapporten med link i venstre margen.

________________________________________________________________________


14.09.15


Hjortebørsen er oppdatert med dei første fellingsresultata.


Utfiskingsrapporten er oppdatert med vekas rusefangst


________________________________________________________________________


10.09.15


Ny Hjortebørs for 2015 er lagt ut. Oversikt over fellingsløyver og felte dyr kan ein sjå der etterkvart. Link til Hjortebørsen i venstre margen på sida her.


________________________________________________________________________


25.07.15


Ola og Britt Kringlen har utført nokre fiskedøgn denne veka. Har sett 22-26 garn i inste delen av vatnet. I tillegg hadde Ole Kristian Vonen garna sine ute ei natt, og fangsten hans er også rekna med. Varierande resultat, totalt ca 1000 fisk er teke opp. Oppdatert rapport under linkane til venstre.

________________________________________________________________________


30.06.15


Då har vi utført fase 1 av utfiskingsprosjektet i Vonavatnet. Målet er at ein i løpet av eit par år skal fiske ut så mykje småfisk, spesielt røyr, at aurebestanden kan få betre vilkår og ein får større fisk i vatnet. Utmarkslaget har leigd inn den røynde fiskeforvaltaren Ingebrigt Tveite frå Voss til å utføre utfiskinga. Han har vore her frå 23.06 til 28.06 og har hatt ute 59 garn kvart døgn i perioden. Det vart til saman fiska opp 3108 fisk, 61% røyr og 39% aure. Garna vart sett rundt heile vatnet i fleire rundar, så han har danna seg eit godt bilde av situasjonen. Undervegs har han hatt samtaler med Harald Sægrov frå Rådgivende Biologer.

Planen er då at Tveite kjem att til hausten og utfører utfisking i gytetida. Det er då ein vil få størst grad av utfisking når røyra samlar seg på gyteplassane.

Fangstrapport kan ein sjå under linken til venstre i PDF eller Excel- format. Det ligg også eit par bilder på Utmarkslaget sine Facebook- sider (link øverst på sida her)


_______________________________________________________________________


28.02.15


Referat frå årsmøtet i ØNU kan lesast her


Årsmelding for Utviklingsfondet for Naustdal- Gjengedal LVO kan lesast her


____________________________________________________


20.02.14


Årsmelding for Øvre Naustdal Utmarkslag kan lesast her


___________________________________________________________


12.02.15»


Fredag 13.02.15, vert Utviklingsfondet for Naustdal-Gjengedal

landskapsvernområde lyst ut i Firdatidend og Firda. Les annonse her.


___________________________________________________________


11.02.15»


Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde


Nyhende

Ope møte om motorferdsel i Naustdal-Gjengdal landskapsvernområde

Handsaming av klager er delegert til Miljødirektoratet

Snøskuterløyve til Årdalskupa i Jølster

Styremøte nr 1/15 i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Desse sakene kan det lesast om på Landskapsvernområdet sine nettsider

http://www.nasjonalparkstyre.no/Naustdal-Gjengedal


_____________________________________________________________


08.02.15»


Årsmøte Øvre Naustdal Utmarkslag og Instedalen Storvald fredag 27. februar

frå kl. 19.30.  Instedalen skule.


Vanlege årsmøtesaker.


http://www.firda.no/vis/kalender/events/13021926


_____________________________________________________________


06.02.15»


Scooterløyve frå Naustdal Kommune til Instedalen Skianlegg. Les løyvet her


_____________________________________________________________


09.12.14»


Referat frå styremøte 03.12 kan du lese her


Hjortebørsen er også oppdatert pr 8.12, link øverst på sida


______________________________________________________________


27.10.14»


Ope møte om prøvefisket i Vonavatnet i sommar. Fredag 31.10 kl. 20 i

Instedalen skule. Fiskeribiolog Harald Sægrov blir med. Vi treng ein brei og

grundig diskusjon på om vi skal vidareføre prosjektet med eit utfiskingsprosjekt.

Ope for alle.

http://fjordaglimt.no/-/event/show/570180/7836659_proevefiske-i-vonavatnet-oppsummering


_______________________________________________________________


12.10.14»


Prøvefisket i Vonavatnet er no avslutta for i år. Vi har hatt ute garn i 17 helgar

sidan 9. juni. Vi har då fått prøvd ut metodar, garnstørrelsar, fangstmengder og

kartlagt gyteplassar. Sjølv om ikkje målet var å fiske ut så mykje fisk i denne

piloten, så har det likevel vorte fiska opp 226 kg fisk med gjennomsnittsvekt

på 58 gr. 25 % aure og 76 % røyr. Det har vist seg at dei store mengdene vart

fiska på gyteplassane dei 5 siste helgane med like mykje fisk som dei 12

føregåande helgane.


Denne piloten no i år skal danne grunnlaget for eit evt utfiskingsprosjekt i

regi av Utmarkslaget dei to kommande åra. Om det blir eit prosjekt, vil avhenge

om ein kan få tak i midlar for å leige inn folk til å utføre arbeidet, samt at det

vil vere mogeleg å få tak i folk som er interesserte i å utføre dette. Eit stort utfiskingsprosjekt er ikke mogeleg å drive på dugnad, då det er snakk om dagleg garnsetting i ein lengre periode og over to år.


Gå inn på linkane øverst på sida for å sjå fangst-tabellane for prøvefisket

denne sommaren/ hausten.


_______________________________________________________________


12.10.14»


Oppdatert Hjortebørs lagt ut. Klikk på linken øverst


_______________________________________________________________


22.09.14»


I samband med høyring av framlegget til forvaltningsplan for Naustdal-

Gjengedal landskapsvernområde, skal det arrangerast fleire bygdemøter.

I Naustdal er møtet den 30. sept kl 19.30 i Kommunestyresalen.


Det vert enkel servering med kaffi og noko enkelt å bite i.


Verneområdeforvaltar Alf Erik Røyrvik legg opp til å ta ein «kontordag» på

møtestaden på dagtid før bygdemøta. Dei som vil kan oppsøke meg der, eller gjere ein avtale på tlf 95889475. Då er det høve til å kome med innspel, stille spørsmål, diskutere saker eller diskutere forvaltningsplanen på tomannshand. Dette er og eit tilbod til dei som ikkje har tid til å kome på møtet om kvelden.


Framlegget til forvaltningsplanen finn de på nettsida til landskapsvernområdet:


http://www.nasjonalparkstyre.no/Naustdal-Gjengedal/Planer-og-publikasjoner/Forvaltningsplan/


Viser også til informasjon på Naustdal Kommune sine nettsider:


https://www.naustdal.kommune.no/om-kommunen/framlegg-til-forvaltningsplan-

for-naustdal-gjengedal-landskapsvernomrade-bygdemote-i-naustdal.aspx


________________________________________________________________


15.09.14»


Hjortebørsen er på plass att på nettsida. Klikk på linken øverst her.

_______________________________________________________________


11.09.14»


Departementet har fatta avgjerd i skiløypesaka i Instedalen.


Departementet stadfestar verneområdestyret sitt vedtak og klagene vert ikkje

tekne til følgje. Dei stadfestar at der er heimelsgrunnlag til å gje det løyvet som

styret gjorde. Og dei finn heller ikkje grunn til å overprøve den skjønsmessige

vurderinga som styret gjorde.


I praksis betyr det at oppkøyring av skiløype inn til Fosselvekråa kan halde fram.

Les vedtaket her

_______________________________________________________


19.08.14»


Forvaltningsplan for Naustdal-Gjengedal LV område er no lagt ut på

høyring

Vi sakser frå nettsida:

"Forvaltningsplan for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde skal vere eit

hjelpemiddel for forvaltninga for å få ei konsekvent og rettferdig sakshandsaming.

Det skal og vere eit hjelpemiddel for brukarar, grunneigarar og andre som vi ha

ein innblikk i forvaltninga.

Forvaltningsplanen er no fagleg godkjent for høyring av Miljødirektoratet. Den vert

derfor no lagt ut på høyring, og alle som har rettar eller interesser i Naustdal-

Gjengedal landskapsvernområde kan kome med innspel på forvaltningsplanen.

Det vil verte arrangert nokre bygdemøter i samband med høyringa av framlegget

til forvaltningsplanen. Desse vil finne stad i god tid før høyringsfristen. Møta vert

annonsert litt seinare, når datoane er klare.

Frist for å sende inn høyringsfråsegn er 1. november 2014"

Les meir her:

http://www.nasjonalparkstyre.no/Naustdal-Gjengedal/Planer-og-publikasjoner/Forvaltningsplan/

____________________________________________________________


19.08.14»


Reinsdyrjakta 2014


Stortskotet for reinsdyrjakta går i morgon 20. august.  Det har blitt auka

kvoter i år og Naustdal har fått tildelt 4 dyr.  Blant søkarane for kvoten til

Øvre Naustdal Utmarkslag blei desse trekt ut:


Olav Svoen - stor bukk


Odd Vonen - ung bukk


Torstein Svorstøl - kalv


Asle Grimset - kalv



Vi ynskjer skitt jakt!

____________________________________________________________


18.08.14»


Innspel vedr utviklingsprosjekt - Instedalen, Naustdal kommune


Innspel til prosessen vedr prosjektet  -  Instedalen Naustdal: "Har du

planer/ynskjer for din eigedom famover? Meir bustadområde,

hytteområde, næringsområde, vegar, stiar og friluftsområde og

parkeringsplassar +++++".


Vi viser til brev av 04.07.14 frå BU instedalen ved Janne Lykkebø Svorstøl

og Arne Kringlen, Naustdal kommune.


Øvre Naustdal Utmarkslag vil gjerne komme med innspel til prosessen.


Utmarkslaget organiserer alle grunneigarane med utmarkseigedomar

fom Trodøla og innover vassdraget til Jølster grense. Vi organiserer bl.a.

alle grunneigarer i Naustdal med eigedom i Naustdal og Gjengedal

landskapsvernområde.


Les meir


_________________________________________________________


10.07.14»


Nytt frå Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde


Ny informasjonsfilm om verneområdet kan du sjå her


Forvaltningsplanen har fått fagleg godkjenning


Då har forvaltningsplanen til Naustdal-Gjengedal landskapsvern-

område endeleg fått fagleg godkjenning frå Miljødirektoratet, og

den er no klar til å verte sendt ut på høyring.Høyringsutkastet vil

verte lagt ut på nett og sendt ut på høyring i løpet av sommaren.

Alle grunneigarar og andre med interesser i og rundt området vil

få tilsendt høyringsbrev (per post eller elektronisk).


________________________________________________________


30.06.14»


Ut frå fiskeundersøkingai fjor haust, og rapport frå Harald Sægrov,

har vi starta eit prøveprosjekt med tanke på utfisking av røyebestanden

i Vonavatnet. Vi ynskjer å prøve ut metodane for utfisking og få grunn-


lag for å evt søkje om midlar til eit større utfiskingsprosjekt frå neste år.

Utmarkslaget har kjøpt inn 10 garn med maskestorleik 13,16 og 19mm

som blir sett som botngarn ut frå land på ulike djupner og ulike plassar.

Det er til no sett garn fire helgar på rad, og vi har registrert alle fangstar

i ei oversikt som ein kan lese her på nettsida. Resultatet er ca 250-350

fisk på kvar setting. Det vert eksprimentert litt undervegs for å hauste

erfaringar, og kvar rapport vert sendt til Harald Sægrov som rettleiar oss

etterkvart. Fiske vi pågå i helgane utover sommaren og hausten så lenge

ein har folk som vil gjere dette på dugnad. Klikk på linken over her

(Prøvefiske i Vonavatnet 2014) for å fylgje med på fisket. Rapporten vert

oppdatert kvar søndag/mandag.

Dersom ein ynskjer rapporten i Excel- format kan ein klikke på linken her,


I Excel- arket er det også kart som viser plasseringa av garna kvar helg.


________________________________________________________


21.06.14»

 

Rapport etter synfaring frå NVE vedr. planer om hengebru over

utløpsosen for Vonavatnet - jfr. vedlegg

________________________________________________________


21.06.14»


Kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan for Vona-

stranda, Naustdal kommune, jfr. vedlegg. 

________________________________________________________


08.05.14»


Referat frå styremøte 07.04.14 ligg her


________________________________________________________


07.05.14»


Naustdal Kommune har sendt ut fersk reiselivsrapport.

Fleire prosjekt i Naustdal nyttar no denne som grunnlag for vidare

satsing og søknad om økonomisk støtte.


Sjå forslag til tiltak og ansvarsfordeling bak i rapporten. Dette er

konsulenten sitt råd til kva som  bør gjerast framover og kven som

bør gjere det, for å komme eit steg vidare. Sjekk om det er foreslått

eit ansvar til deg og kanskje du ser område der du kan bidra til

gjennomføring, sjølv om du ikkje har fått eit ansvar. Les rapporten her

og Kommunedelplan for Landbruk og Bygdeutvikling her


_________________________________________________________


02.05.14»


Protokoll etter styremøte 1/14 i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre


_________________________________________________________


01.05.14»


Det var hjortetelling i går kveld.


Dette er den beste tellinga som er gjort so tidleg her oppe, noko som

kjem av den tidlege våren. Det ser ut som det er mange koller og ungdyr,

sjølv om det er vanskeleg å skille dyra no når det er mørkt på telletida.


Det blir lysare no, så vi reknar med at det på tellinga 22. mai er lettare

å skille dyra slik at ein får ei meir detaljert oversikt. Her er oversikten

__________________________________________________________


31.03.14»


Rapporten om fiskeundersøkinga i Vonavatnet frå september 2013


av Harald Sægrov frå Rådgivande biologer er no ferdig.   Ein solid rapport


med mykje interessant lesning.  Prøvefisket viser som venta at vatnet er


overbefolka - hovudsakleg av smårøyr.  Den seier også noko om fordelinga


av fisk i strandsone og på djupare vatn og gir indikasjon på fornyinga av


fisk år for år.  Rapporten konkluderer med at det må fiskast ut 40000 fisk


over 2-3 år - dei fleste første året for at det skal monne. 1-2 personar i


arbeid over 40 garndøgn med minst 20 garn pr natt sett enkeltvis ut frå


land er oppskrifta.   Forslaga skal gjennomdrøftast i styret og så må det


saman med andre ildsjeler vurderast om eit slikt utfiskingsprosjekt er


muleg. Les meir. 


___________________________________________________________


30.03.14»


Styremøte i Utmarkslaget onsdag 02.04.14 kl. 19.30 - Instedalen skule.


Saksliste vedlagt. 


________________________________________________


13.02.14»

 

Saksliste og årsmeldingfor årsmøtet 01.03.14 lagt ut på nettsidene


___________________________________________________________


08.02.14»


Referat frå styremøte i ØNU den 04.02.14.  med presentasjon av viktige

forhold omkring småviltforvaltning ved Alf Erik Røyrvik Forvaltar for

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvern-

område.


____________________________________________________________


07.02.14»


Årsmøte i Øvre Naustdal Utmarkslag og Instedalen Storvald.

Instedalen skule lørdag 1. mars frå kl. 14.

-Vanlege årsmøtesaker.

-Presentasjon av fiskeundersøkinga i Vonavatnet frå kl. 12.30. 

-Enkel servering frå kl 13.30


Harald Sægrov frå Rådgivende biologer presenterer resultata frå fiske-

undersøkinga i Vonavatnet hausten 2013. Oppstart kl. 12.30. Instedalen

skule. Ope for alle.

_____________________________________________________________


29.01.14»


Styremøte ØNU tirsdag 04.02.14 kl. 19.30 på Instedalen skule


jfr. vedlagte saksliste. 



»   Curabitur