Øvre Naustdal utmarkslag var vertskap for folkemøte ved Instedalen skule 29. november 2010
Vel 20 personar møtte for å høyre om mulege tiltak i landskapsvernområdet og randsona samt om samfunnsutvikling i Instedalen. Annlaug Kjelstad og Håkon Myrvang møtte frå Naustdal kommune. Det blei orientert om bruk av midlar i randsona og om høyringsprosessen vedr aktivitet i LV området. Her bidrog også Jan Herstad og Olav Svoen - begge representantar i styringsgruppa. Av omsøkte midlar frå Fylkesmannen til tiltak i randsona til LV området er det no brukt ca. kr. 50000,- til opprusting av Vonavegen. Der er igjen vel kr. 200.000,- som utmarkslaget skal vere vere med å prioritere bruken av. Søknadsdukumentet sendt Fylkesmannen ligg her og tildelingsbrevet ligg her. Det blei elles opplyst at nytt elektrisk felås finansiert av kommunen no er finansiert og vil ver på plass i Vonavegen ved Nes-Geila før beitesesongen 2011.
Rune Holen frå Statens Naturoppsyn snakka om Oppsynet sin jobb i verneområdet. Foredraget hans ligg her (stort dokument som det tek tid å laste ned). I etterkant av foredraget hans viste Ståle Fimland kart over det siste traseframlegget for kraftlinja der linjetrase 2,0 no blir gåande heilt i randsona til LV området jfr. kart som ligg her. Dette forslaget er det tidlegare laga relativt sterke høyringsuttaler mot jfr. uttale frå Utmarkslaget (Naustdal jakt og fiskelag sone 4) frå 2006 her og grendalaget sin uttale same året her. Det blir no jobba vidare med denne saka både frå grendalaget og ØNU.
Til slutt hadde Arne Kringlen eit innlegg vedr. samfunnsutvikling i Instedalen. Han kom med sterke oppfordringar til idedugnad som kunne resultere i tiltak til beste for øvre delen av Naustdal. Foredraget hans ligg her.